
For mange år sidan, det blir vel 7 eller 8 i vår, når eg gjekk ut frå videregåande skule, handla sidemålseksamen om Lykke. Nokre dagar før sjølve prøva fekk me utdelt eit ressurshefte med overskrifa "Lykke". Eg forsto utan å opne heftet at minst ein av oppgåvane ville vere omtrent slik: "Kva er lykke for deg?"
For å gjere litt research spurde eg faren min kva som var lykke for han. Ikkje overraskande svara han at å vere i saman med ungane sine var lykke for han. Sjølvsagt vil ein foreder svare slik om spurd av sonen eller dottera si. Eg trur sjølvsagt ikkje at han løyg. Eg trur berre at han, og dei fleste andre fikk lykke på andre måtar, som gjev dei noke meir. Eg trur far min finn lykke når han går i marka og plukker multer. Eg veit ikkje heit kva som gjer meg lykkelig. Kanskje er det å gå rundt i Oslo sentrum eller longt ute i forstaden og ta bilete. Eller når eg sitt på plankontoret og les gjennom 50 år gamle plantekninger. Det høyrast underleg ut. Eg veit at det gjev meg noke, men kanskje ikkje lykke. Når eg er saman med gode vener er eg så nærme lykkeleg som eg kjem trur eg. Særleg om det er lenge sidan eg såg dei sist... eller gløym det. Det spelar ikkje nokon rolle kor lenge eller kort det er.
Om eg skal bruke nettby som eit referansepunkt er monge i sitt aller mest lykkelege når dei kan vere saman med kjerasten heile tida. Når ein er stormforelska kan eg forstå det. Men å vere saman med kjerasten over lengre tid krev eit stort offer. Nemlig å gje opp alt anna ein likar å gjere. På long sikt kan ikkje det gjerne nokon lykkeleg. Å oppgje seg sjølv. Kanskje for ei 14 år gamal jente, men ikkje for dei fleste andre.
Det var visst alt eg kom på i farta. Trudde eg hadde ein heil del meir på lagar, når eg tenkte på dette før eg la meg til å sove i går hadde eg det, men no er det borte. Jaja.